Askeprinia er ein liten sporvefugl i grassongarfamilien og finst på det indiske subkontinentet.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Prinia socialis
- Beskriven av
- Sykes, 1832
Som vaksen veg fuglen rundt åtte gram.
Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna jordbruksland, fuktig tropisk skog, mangroveskog, tørr og høgtliggjande tropisk buskmark, og tørr tropisk grasmark. Askeprinia lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen og på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. tolv dagar. Reira blir bygd i hôlrom.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.