Andesklippehane
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Andesklippehane er ein stor sporvefugl i kotingafamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Rupicola peruvianus
Beskriven av
(Latham, 1790)

Vaksne hannar veg rundt 270 gram og hofuglane rundt 220 gram.

Arten er knytt til tropisk fjellskog, fuktig tropisk skog, og elvar og bekker. Andesklippehane lever av frukt og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i buskar og på bakken.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 28 dagar. Ungane forlèt reiret om lag seks veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

andesklippehane
Rupicola peruvianus
Artsdatabanken-ID
180474

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg