Amperesekund er ei avleidd SI-eining for elektrisk ladning.

Faktaboks

Uttale
ampˈæ:r-
Engelsk namn
ampere-second
Symbol
As
Type
målenhet for elektrisk ladning
Verdi
A·s

Eitt amperesekund er den mengda elektrisk ladning som går gjennom ein straumkrins i løpet av eitt sekund når straumstyrken er éin ampere. Symbolet for amperesekund er As.

1 As = 1 ampere (A) · 1 sekund (s) = 1 coulomb (C)

Eininga har den same definisjonen som coulomb, men ut frå definisjonen av eininga finn somme det meir føremålstenleg å bruke As i stedet for C.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg