Amerikapelikan
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Amerikapelikan er ein stor fugleart i pelikanfamilien og har naturleg utbreiing i Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Pelecanus erythrorhynchos
Beskriven av
Johann Friedrich Gmelin, 1789

Vaksne hannar veg rundt sju kilo og hofuglane rundt fem kilo.

Arten er knytt til ulike våtmarkshabitat og marine kysthabitat. Amerikapelikan lever av fisk som han fangar under vatn.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 36 dagar. Ungane forlèt reiret om lag elleve veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av tre til fire år.

Amerikapelikan lever vanlegvis i rundt 32 år, men enkelte individ kan bli opptil 54 år gamle.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

amerikapelikan
Pelecanus erythrorhynchos
Artsdatabanken-ID
175020

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg