Faktaboks

Wilhelm Thierry Preyer
Uttale
prˈaiər
Fødd
4. juli 1841, Manchester, Storbritannia
Død
15. juli 1897
Wilhelm Thiery Preyer
Wilhelm Thiery Preyer
Av /Max-Planck-Gesellschaft zur Förderung der Wis 𝒲.

Wilhelm Thierry Preyer var ein tysk biokjemiker og barnepsykolog. Han var professor i fysiologi i Jena i perioden 1869–1888. Etter dette flytta han til Berlin, der han føreleste ved Universitetet i Berlin fram til han pensjonerte seg i 1893.

I hans tidlege karriere skreiv han fleire biokjemiske tekstar om hemoglobin, men etterkvart fokuserte han på psykologiske tema. Hans bok Die Seele des Kindes frå 1882 blir rekna som eit grunnleggjande verk i barnepsykologien. Preyer skreiv òg om fleire andre psykologiske tema, til dømes sansane, søvn, hypnose.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg