Skjelettet av Visteguten
Skjelettet av Visteguten er nesten komplett, og det er det best bevarte steinalderskjelettet i Noreg.
Av .
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Vistegutens kranium
Vistegutens kranium
Av .
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Visteguten er eit skjelett av en ung gut som levde i eldre steinalder, som i 1907 blei funne i avfallshaugen i Vistehola i Randaberg i Rogaland. Skjelettet, som er nesten komplett, er det best bevarte menneskeskjelettet frå steinalderen i Noreg.

Faktaboks

Også kjend som

Vistegutten

Lenge var det uvisst om skjelettet høyrde til ein ung gut eller ei ung jente, men kallenamnet «Visteguten» festa seg tidleg. Nyare granskingar har vist at Visteguten verkeleg var ein ung gut, og at han var om lag 14 år gamal då han døydde. Ei radiologisk datering av skjelettet tydar på at guten levde kring 6255–6025 fvt.

Gravplass

Kvifor Visteguten blei gravlagd blant skjel og beinrestar i avfallshaugen ved Vistehola veit ein ikkje. Fordi så få skjelett er bevart, veit ein i det heile lite om gravskikken i Noreg i eldre steinalder. Ei grav i det me kallar ein «avfallshaug» kan for oss verke som ein lite respektfull måte å handsame dei døde på, men slik var det truleg ikkje i steinalderen. Tvert imot kan det ha vore viktig for steinaldermenneskene å ha dei døde nær der dei sjølv levde. Det har òg vore vanleg å leve tett på dynger med rotnande matavfall, og for steinaldermenneskene kan det me i dag ville kalle stank kanskje heller blitt oppfatta som lukta av «heime».

Storleik, kroppsform og alder

Skjelettet av Visteguten
Skjelettet av Visteguten, stilt ut i ein glasmonter på Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Visteguten var særs liten av vekst, berre 125 centimeter høg. Sjølv om folk i steinalderen var kortare enn i dag, må guten likevel ha vore låg for alderen sin. Muskelfesta er kraftige, og syner at guten har hatt ein velutvikla og kraftig muskulatur. Hovudskallen har teikn på kraniosynostose – for tidleg lukking av skallesaumane i kraniet – slik at guten har hatt ein uvanleg, langsmal kranieform («båtskalle»). Andre lyte på skjelettet har ein ikkje funne, og ein veit ikkje kva guten døydde av.

Frå steinaldergraver i Danmark og Sverige veit me at det ikkje var vanleg å døy i så ung alder som Visteguten. Folk levde nok kortare enn i dag, men ikkje mykje kortare. Høg barnedødelegheit gjorde sitt til at gjennomsnittslevealderen var mykje lågare enn no, men dei som overlevde barneåra, kunne leve til dei var godt over 50 år gamle.

DNA- og isotop-analysar

Ei DNA-analyse har vist at Vistegutens mitokondrielle DNA høyrer til haplogruppe U5a2b, og at y-kromosomet hans er av haplogruppe I2a1b. Det syner genetisk samhøve med fangstfolk i både Norden, Øst-Europa og Sør-Europa, og vitnar om den komplekse genetiske avstamminga til menneskene som levde på Vestlandet i eldre steinalder.

Ein har òg gjort målingar av innhaldet av δ13C og δ15N – isotopar av grunnstoffa karbon og nitrogen – i skjelettet. Av dei kan ein slå fast at kosthaldet til guten har vore prega av sjømat. Så mykje som 60–80 prosent av maten hans har kome frå sjøen. Det meste av maten har òg kome frå eit høgt trofisk nivå; det vil seie at maten han åt kom frå høge nivå i næringskjedene. Truleg har sel vore særs viktig mat for Visteguten.

Rekonstruksjonar

Skjelettet av Visteguten
Skjelettet av Visteguten, stilt ut på Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Mellom 2011 og 2023 blei det lagd to rekonstruksjonar av hovudet til Visteguten. Augo og kinnbeina var meir markerte enn hos moderne nordbuarar, og frå DNA-analysane veit ein òg at huda hans truleg var ganske mørk.

Rekonstruksjonen skapte ein del debatt, og mishag frå dei som ikkje syntes at guten såg «nordisk» nok ut. Rekonstruksjonen har difor vore viktig for å utfordre nokre av førestillingane mange har om fortida. Sjølv om den nyaste rekonstruksjonen med mørk hud, brune auge og kraftige andletstrekk truleg er nærast røynda, ville somme ha tilbake att den eldre rekonstruksjonen med lys hud og blå auge; ikkje fordi han er mest vitskapeleg, men fordi han stemmer best med korleis folk trur, og vil at Visteguten skal ha sett ut.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Denham, Sean (2015): Nye analyser av skjeletter fra Viste i Randaberg og Håland i Hå. Frá haug ok heiðni 3/2015: 14–15
  • Ravn, Mads & Barber. Jenny (2012): Prosessen bak rekonstruksjonen av Vistegutten. Frá haug ok heiðni 2/2012: 3–6.
  • Schulting, Rick J.; Budd, Chelsea; Denham, Sean (2016): «Re-visiting the Viste skeleton, western Norway.» Mesolithic Miscellany 24.1 (2016): 22–27.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg