Vinlandskartet
Av .

Vinlandskartet er eit forfalska kart som blei påstått å vere frå 1440-talet. På kartet er den nordaustlege delen av Amerika teikna inn under namnet Vinilanda Insula. Kartet blei gitt ut i 1965 ved Yale University, og blei årsak til fornya gransking og debatt omkring oppdaginga av Amerika. Men ei undersøking av blekket avslørte komponentar som først blei framstilte i 1920-åra. Det er derfor sannsynleg at kartet blei skrive i 1920-åra på eit gammalt stykke pergament.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg