Unionstraktaten av 1450 mellom Noreg og Danmark

Unionstraktaten av 1450 var ei avtale om ein varig union mellom Danmark og Noreg, som vart utferda av det norske og danske riksrådet i samband med kroninga av Christian 1. Kongen var forplikta til å styre i tråd med valghandfestningane, som var løftene kongen hadde gitt riksrådet før han vart valt til konge. Bildet viser unionstraktaten med segla til dei ulike riksrådane.

Unionstraktaten av 1450 var ein avtale om ein varig union mellom Danmark og Norge, som vart utferda av det norske og danske riksrådet i samband med kroninga av Christian 1.

Unionstraktaten garanterte absolutt sjølvstende og likeverd i ein personalunion med felles konge, men med eigne riksråd. For Noregs politiske stilling var det særleg viktig at det mektige danske riksrådet garanterte det politiske systemet overfor ei ambisiøs kongemakt. Styringsideologien var bygd på handfestningar og riksrådskonstitusjonalisme.

Unionstraktaten fall vekk med det norske riksrådet og særlege norske handfestningar i 1536 då Noreg formelt vart innlemma i Danmark.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg