Trondheim Atletklubb er eit idrettslag for olympisk vektløfting. Klubben vart stifta i 1960 og held til i Trondheim sentrum.

Om klubben

Trondheim Atletklubb er blant dei mest aktive vektløftarklubbane i Noreg. Klubben er ein aktiv arrangør av stemne på ulike nivå, og dei arrangerer nybegynnarkurs fleire gongar i året. Lokala ligg i den tidlegare gymsalen til gamle Lademoen skole, rett ved Lademoen kirke i Trondheim sentrum.

Det er omlag 180 aktive medlemmar i Trondheim AK.

Historie

Vektløftarklubben vart stifta under namnet Trondheim Kraftsportklubb 14. juni 1960. Åtte år seinare, 14. november 1968, vart namnet endra til Trondheim Atletklubb. Sidan har klubben vore ein aktiv arrangør av stemne. Trondheim Atletklubb har arrangert ei rekke norske meisterskap, ein landskamp og to nordiske meisterskap.

Eksterne lenker

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg