Tjørvåg er ein tettstad på Gurskøya i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,4 km², og har 354 innbyggjarar (2021).

Faktaboks

Etymologi
Førsteleddet er antakeleg eit elvenavn, kan ha vore Tjara, norrønt tjara, ‘tjøre’, noko som kan skyldast at elva renn gjennom (feit) furuskog. Andre tolkningar er også satt fram. Sisteleddet er våg, ‘bukt’.

Tjørvåg ligg ved riksveg 654 nordaust på Gurskøya. Staden hadde tidlegare skipsverft/mekanisk verkstad og var heimehamn for ein stor stor flåte selfangstskip; i dag ligg det ein selforedlingsbedrift på staden.

Utanfor tettbebyggelsen ligg Tjørvågosen naturreservat på 53 kvadratkilometer, ein del av ein verneplan for havstrand og elveos i Møre og Romsdal der eit lite kystvassdrag munnar ut i ei grunn våg og dannar ein gradvis overgang mellom elv og sjø.

Kart

Tjørvåg
Tjørvåg
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg