Theodoros Kolokotronis

Faktaboks

Theodoros Kolokotronis

Den gamle mannen av Morea

uttale:
kolokotrˈonis
født:
3. april 1770, Ramavouni, Messenia, Peloponnes
død:
4. februar 1843, Aten

Theodoros Kolokotronis var ein gresk fridomskjempar i krigen mot Det osmanske riket (Tyrkia) som varte frå 1821 til 1830. Han var ein av leiarane for opprøret på Peloponnes, der han med hell dreiv geriljakrig mot tyrkarane og vant fleire viktige kampar. På grunn av hans høge alder, militære talent og gode eigenskapar som leiar fekk han kallenamnet «Den gamle mannen av Morea».

Kolokotronis var fødd inn ein familie klefter (røvarar) og blei leiar av sin eigen kleftebande kun 15 år gamal. Han blei seinare med i Venesambandet, Filiki Etairia, som kjempa for gresk sjølvstende.

Etter krigen var Kolokotronis støttespelar for Ioannis Kapodistrias, Hellas' første president, og seinare også for Hellas' første konge, Otto I. Han endra seinare meining, og i 1834 blei han dømt til døden for konspirasjon mot regenten, men blei benåda etter press frå opinionen av kong Otto I i 1835. Frå 1835 var han medlem av statsrådet.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg