Faktaboks

Otto 1.
Otto I, Otto av Bayern, Otto Friedrich Ludwig av Wittelsbach, Òthon I
Fødd
1. juni 1815, Schloss Mirabel, Salzburg, Austerrike
Død
26. juli 1867, Bamberg, Bayern, Tyskland
Kong Otto 1 av Hellas
Portrett av kong Otto 1 av Hellas.
Av /Benaki Museum.

Otto 1., konge av Hellas frå 1832 til 1862. Han var son av Ludvig 1 av Bayern og blei av Storbritannia, Frankrike og Russland valt til den første kongen av det nye Hellas under London-konferansen av mai 1832. Den greske nasjonalforsamlinga godkjente valet av ny konge i august same år.

Regentstyre og einevelde

Otto kom til Hellas i 1833 og tok det greske namnet Òthon (Όθων). Han blei krona som konge av Hellas, ikkje konge av hellenarane, for å ikkje kome i konflikt med Tyrkia over den store gresktalande folkesetnaden i landet.

Sidan Otto enno var mindreårig, blei landet styrt av eit regentstyre beståande av tre rådgjevarar frå Bayern fram til 1835. Kongen avskaffa då regenstyret, innførte absolutt monarki og regjerte som eineveldig monark fram til 1843.

Revolusjonen av 3. september 1843

Kong Ottos regjeringstid var prega av ei rekke økonomiske, politiske og religiøse kriser. I 1841 mislukka kongen i sitt forsøk på å annektere Kreta, noko som skapte stor misnøye blant folket og i Storbritannia. I tillegg hadde Otto i 1836 gifta seg med Amalie Marie Friedrike av Oldenburg. Dronning Amalia tilhøyrde den luthersk-protestantiske kyrkja medan kongen var romersk-katolsk. Dette skapte problem med den gresk-ortodokse kyrkja.

I september 1843 førte misnøya med kong Otto og dei bayerske rådgjevarane hans til revolusjon og kongen blei tvungen til å innføre ei liberal forfatning. Den greske konstitusjonen av 1844 innførte eit konstitusjonelt monarki, der kongen skulle fungere som den lovgjevande makt saman med senatet og den greske nasjonalforsamlinga. Konstitusjonen innførte også allmenn røysterett for menn.

Kongen måtte også stadfeste at hans tronfølgjar skulle tilhøyre den gresk-ortodokse kyrkja.

Megáli idéa, den store idéen

Kong Otto 1 av Hellas i eksil
Kong Otto 1 i eksil i Bayern i 1865, kledd i gresk nasjonaldrakt.

Otto var inspirert av Megáli idéa, den store idéen om å frigjere den gresktalande folkesetnaden i Tyrkia og samle alle grekarar i eitt rike med hovudstad i Konstantinopel, slik det var i det bysantiske riket. Otto valte difor å ta Hellas med inn i Krimkrigen, mot Tyrkia. Dette førte til at Hellas mista støtta frå Frankrike og Storbritannia, som svarte med ein fransk-britisk blokade av hamnebyen Pireus. Blokaden tvang kongen til å trekke Hellas ut av krigen, utan vinst.

I 1862 førte eit nytt opprør til at kong Otto blei avsett og sendt i eksil i Bayern. Hans tronfølgjar var kong Georg I.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg