Sikkilsdalen sett frå søraust frå fjellet Vangstulkampen. I enden av vatnet i høgre biletkant ligg Prinsehytta.
.
Lisens: CC BY SA 4.0
Sikkilsdalsseter
Hester på beite ved Sikkilsdalsseter 1935.
Av /Norsk Folkemuseum.
Lisens: CC0 1.0

Sikkilsdalen er eit dalføre i Nord-Fron kommune, Innlandet, i den austre delen av Jotunheimen, mellom Sjodalen og Heimdalen. Øvst i dalen ligg Sikkilsdalsvatna med avløpet Sikkilsdalsåa austover til elva Vinstra. Sikkilsdalen blir avgrensa i nord av Sikkilsdalshøa (1778 meter over havet) og i sør av Heimdalshøe (1843 meter over havet). Dalen har ein rik fjellflora og gode fjellbeite.

Faktaboks

Også kjend som
Sikilsdalen

Det årlege hestesleppet på Sikkilsdalssætra er ei storhending. Sikkilsdalsseter er den siste av dei ein gong statlege heseavlssetrene; i dag drifta av Norsk Hestesenter.

Ved austenden av Nedre Sikkilsdalsvatnet ligg også Sikkilsdalsseter fjellstue med turistkvarter. I nærleiken ligg Prinsehytta, eigd av den norske kongefamilien. Den svensk-norske kronprins Gustav (seinare Gustav 5) og to av hans brør fekk hytta i gåve av grunneigaren, Thomas Heftye. Kronprins Olav fekk så hytta i gåve av svenskekongen i 1924.

Namnet kjem moglegvis av norrønt Sikill, av sik, 'liten bekk'.

Kart

Sikkilsdalen
Sikkilsdalen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg