Faktaboks

Qiqihar
kinesisk: 齐齐哈尔市

Qiqihar er ein by i Kina, i provinsen Heilongjiang, i den fruktbare Nenjiang-dalen, 280 kilometer nordvest for Harbin.

Byen har 5 673 498 innbyggjarar (2011), og er eit jernbaneknutepunkt og viktig industrisenter. Den har omfattande mekanisk industri (maskinar, jernbaneutstyr, maskinverktøy, motorar, kranar), ein stor papirfabrikk (bygd i 1954), tømmerindustri og næringsmiddelindustri.

Qiqihar er ein av Nordaust-Kinas eldste byar, grunnlagt i 1699 som militært festningsanlegg. Området blei på 1700-tallet kolonisert av kinesarar, og var på 1800-tallet ein berykta grenseby i området mellom kinesisk og russisk innverknad. Industrien blei utbygd etter anlegg av den austmandsjuriske jernbanen i 1903 og nord–sør-banen i 1926. Under vern av den japanske okkupasjonsmakta (1931–1945) etablerte mange japanarar seg i byen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg