Orre gamle kyrkje
Orre gamle kyrkje
Av .
Lisens: Gnu FDL

Orre er eit sokn i Klepp kommune på Jæren i Rogaland. Det utgjer dei sørvestre delane av kommunen, omkring søre del av Orrevatnet og kysten utanfor.

Orre gamle kyrkje er ei steinkyrkje frå rundt 1250 ved Orreelva. Orre nye kyrkje, som ligg på Pollestad lenger sør, er ein langkyrkje i mur frå 1950. Orre har store forhistoriske funn, mellom anna ein rundhaug frå bronsealderen og eit gardsanlegg frå jernalderen.

Namnet kjem av norrønt Alra, av ǫlr, 'older, or', truleg frå namn på elva frå Orrevatnet.

Kart

Orre
Orre
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg