Faktaboks

Olav Lavik
Fødd
18. november 1918, Askøy, Bergen
Død
15. februar 1996

Olav Lavik var ein bonde og forfattar frå Askøy som skreiv prosa og poesi om lokale og allmenngyldige tema.

Lavik levde heile livet på slektsgarden Sætre som bonde og hagebrukar. Han var sjølvlærd i engelsk og las seg til store kunnskapar i litteratur. I 25 år var han aktiv medlem i Norges Fredslag.

Dei første forteljingane sine fekk han på prent i 15–16-årsalderen, men det var med dramaet Dømd i 1939 han oppnådde anerkjenning som diktar. I alt skreiv han fire skodespel. Den første diktsamlinga, Nattfugl skrik i svart skog, kom i 1954. Seinare følgde eit titals diktutgivingar, den siste i 1995. Lyrikken hans er inspirert av livet og naturen i vestlandsbygda, men femner om tidlause tema som ufred og undring, venskap og vemod. Nokre av dikta spring ut av det fredspolitiske engasjementet hans, til dømes «Hiroshima», andre av Laviks kamp mot EU, til dømes «Nei!», frå 1972.

Lavik var òg satirikar. Under namnet Malvin Multemyrmoen skreiv han treffsikre kommentarar på vers til hendingar i samtida, og det var som Multemyrmoen han vann ei diktartevling i Bergens Tidende. Den lyriske forma hans er tradisjonell, med ordrim og faste mønster, eigna til å syngje. Vigleik Dyrøy har tonesett fleire av dikta hans, som dei saman turnerte med i Hordaland. Dyrøy og gruppa Demring har òg gitt ut ein CD, Diktet og draumen, med Lavik-songar.

Lavik var sterkt til stades i det lokale kulturlivet. Komedien Raud rubin røva i natt (1961) vart sett opp av ungdomslaget i Tysnes. Han skreiv den offisielle Askøy-songen, «Song til Askøy», var med på vise- og lyrikkveldar, skreiv teaterstykke som han instruerte og sette opp på lokale scener, og var sjølv ein habil skodespelar. Gjennom NRK nådde han eit større publikum gjennom «Ord for dagen», eit radioprogram med dikt, kåseri og utdrag av talar. Nokre av dikta hans er omsette til russisk og svensk.

I 1971 fekk han Hordaland fylke sitt kunstnarstipend, i 1993 Askøy kommune sin kulturpris, Kipekjerringa.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Harald Clausen: «Predestinert til Ordet», i Vigleik Dyrøy (red.): Kall meg rimsmed og jordtræl. Olav Lavik i liv og diktning, med teikningar av Liv Eriksen. Askøy 2009
  • Torbjørn Tumyr Nilsen: «Askøys glemte dikterhøvding», av-avis.no, publisert 17.7.2016

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg