Norske Lagsbruk

«Solfuglen» vart brukt som felles logo for mange av verksemdene som var medlemer i Norske lagsbruk.
Solfuglen
Av .

Artikkelstart

Norske Lagsbruk var ein organisasjon som eksisterte frå 1979 til 2012, men med røter tilbake til 1910-talet. Det var ein samskipnad for verksemdene som var sette i gang av ungdomslag og mållag. Dette var hovudsakleg serveringsstader og hotell; kaffistover og bondeheimar.

Det fyrste namnet til organisasjonen var Lagsbrukssamskipnaden, som var eit framhald av Lagsbruksnemnda. Lagsbruksnemnda fekk eigne vedtekter i 1954, og vaks ut av lagsbruksmøta som tok til i 1949 på initiativ frå Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag.

Organisasjonen skulle vidareutvikle næringsverksemdene som var eigd av mållag og ungdomslag og fremje samarbeid mellom dei. Den viktigaste drivkrafta var i mange år Sigmund Dale, med støtte frå Kåre Kolås. Nils Seland var dagleg leiar 1990–2007, Anders Slaatsveen 2007–2012.

I 1997 vart namnet endra til Norske Lagsbruk, i 2009 vart namnet endra igjen til Norske kulturbygg. Organisasjonen vart lagt ned i 2012.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg