Moi

Lund kyrkje.

Artikkelstart

Moi er ein tettstad i Lund kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,6 km², og har 1923 innbyggjarar (2021).

Faktaboks

Innbyggertall
1923 (SSB, 2021)
Landareal
1,6 km² (SSB, 2021) km²
Tettstedsnummer
4551 Moi

Moi er administrasjonssenter i Lund kommune, ved munninga av Moisåna (Osåna) i nordvestenden av Lundevatnet (49–44 moh.). E 39 og Sørlandsbanen går gjennom Moi.

Moi har mykje industri, særleg trevareindustri med mellom anna Noregs største vindaugsfabrikk (NorDan Johs Rasmussen AS) nord for stasjonen og dørfabrikken Giljedoor AS. Moi har òg lang tradisjon for produksjon av bjeller og tresko.

Lund kirke, ei langkyrkje i tre frå 1812, ligg på vestsida av munninga til Moisåna; på denne sida ligg òg Lundheim folkehøgskole. Moi har bakkestasjon for satellittsamband med mellom anna oljeverksemda i Nordsjøen.

Namnet kjem av norrønt mór, 'mo, tørr sandslette'.

Kart

Moi
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg