Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn er ei nasjonal, frivillig sertifiseringsordning for offentlege og private verksemder som ønskjer å vise at dei tek helse- og miljøansvar.

Bedrifta eller verksemda må sette seg miljømål og oppfylle bestemte krav innan helse, miljø og sikkerheit, arbeidsmiljø, energi, avfall, transport og estetikk. Bedrifter og verksemder som går gjennom ei miljøanalyse og deretter oppfyller dei definerte bransjekrava, blir sertifiserte som Miljøfyrtårn.

Miljøfyrtårn er eit norsk, offentleg sertifikat. Ordninga er støtta og anbefalt av Miljøverndepartementet. Frå 2007 er ordninga i hovudsak finansiert med inntekter frå dei sertifiserte verksemdene. Stiftinga Miljøfyrtårn, som driftar og har det juridiske ansvaret for sertifiseringsordninga, blei starta 13. november 2003 og har administrasjon i Kristiansand.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg