Matrefjella er eit fjellparti i Masfjorden kommune, Vestland. Matrefjella er eit fellesnamn for det kuperte og ulendte fjellpartiet mellom den inste delen av Masfjorden og den gamle grensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. Matrefjella er den vestre delen av Stølsheimen.

I Matrefjella finn ein det høgaste punktet i Masfjorden kommune, Årsdalsryggen, som i Masfjorden når 1068 moh.

Matrefjella er sterkt utnytta til produksjon av vasskraft, sjå Matreselva og Haugsdalselva.

Kart

Matrefjellene
Matrefjellene
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg