Lov om Opplysningsvesenets fond er ei norsk lov som regulerer Opplysningsvesenets fond. Opplysningsvesenets fond er eit fond som forvaltar eigedom som er knytta til dei tidlegare presteeigedomane som til dømes prestegarder. Fondet forpaktar bort grunn til andre, og grunnen blir nytta til mellom anna bustadar. Fondet vart oppretta i 1821.

Faktaboks

Fullt namn
lov om Opplysningsvesenets fond
Tredd i kraft
01.01.2022, 18.06.2021
Lovdata-ID
NL/lov/2021-06-18-98

Lova gjer Opplysningsvesenets fond til eit statleg fond frå og med 2023, noko som inneber at verdiane blir fordelt mellom staten og Den norske kyrkja. Staten har eigedomsrett etter dette. Lova frå 2021 avløyser lov om Opplysningsvesenets fond frå 1996.

Innhaldet i lova

Fondet er underlagt Barne- og familiedepartementet. Lova regulerer mellom anna forvaltninga av fondet og kva som skjer med overskotet. Lova regulerer òg leige av prestebustadar til prestar. Grunnkapitalen som utgjer eigedomane i fondet og kapitalfondet kan ikkje bli gitt bort eller brukt opp. Inntekter blir lagd i kapitalfondet og avkasting blir nytta til å dekkje utgiftene til fondet. Eigedommar og andre eigedelar som har særskild verdi for Den norske kyrkja kan etter lova overførast til kyrkja utan vederlag.

Eit sentralt omgrep i lova er «det benefiserte godset», som skriv seg tilbake til danninga av fondet og Grunnlovsforsamlinga i 1814, og ynskje om å fordele verdiane til kyrkja og prestane på samfunnsnyttige formål. Det benefiserte godset er det fyrste grunnlaget for formuesmassa i fondet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg