Kolbjørn Brekstad var ein norsk forfattar og skuleleiar. Brekstad var ein kunnskapsrik og mangesidig forteljar som gav levande skildringar frå ulike miljø, mellom anna Helgelandskysten på 1600-talet og nazistisk eksilmiljø i Argentina.
Han vart innstilt til Nordisk råds litteraturpris i 1985 for debutromanen Stank av mennesker. Seinare utgivingar er Larm (1986), Kong Henrik den eneste (1989), Acryl (1990), En navlestreng av stål (1995), Det gode mennesket i oppgang B (1997) og Den veien vinden blåser (1998).
Brekstad har også gitt ut ungdomsromanane Det syngande sverdet (1999), Vargvinter (2000), Den lange striden (2001) og Gudane kjem (2002), alle om høvdingen Rein Lodinsson.
I 2009 gav han ut første bind i ein trilogi om Vidkun Quisling: Heroisme og svik. Ein roman om Vidkun Quisling. Annan del – Folkefrelseren. Ein roman om Vidkun Quisling – kom ut i 2010.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.