Jialing Jiang

Artikkelstart

Jialing Jiang er ei elv i Kina, som er sideelv til Chang Jiang (Yangtzekiang). Elva spring ut i dei vestlege utlaupa av Qinlingfjella i den sørlege delen av Gansu, og går deretter gjennom Dabafjella før ho renn ut på Sichuanbekkenet.

Faktaboks

Også kjent som
kinesisk: 嘉陵江

Etter å ha teke opp sideelvane Fu Jiang og Qu Jiang aukar vassføringa betrakteleg. Rett før ho går saman med Chang Jiang ved byen Chongqing, bryt ho gjennom Huaying Shan-fjella, kor ho dannar tre kløfter, også kjent som «Vesle tre kløfter», som er 1070 kilometer lang. Elva dannar ei viktig ferdselsåre mellom Sichuanbekkenet og provinsane nordanfor.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg