Jökull Jakobsson var ein islandsk forfattar. Han blir rekna som si tids fremste islandske dramatikar.
Jökull debuterte i 1951 med romanen Tæmdur bikar (Tømd beger). Han er kjend for teaterstykke som Pókók (1961), Hart í bak (1962), Dóminó (1972) og Sonur skóarans og dóttir bakarans (1978). Dei fleste av stykka hans er realistiske samtidsverk, formelt tradisjonelle, men i dei siste finst det også ein tydeleg symbolikk som er knytt til ein undertone av framandkjensle.
Sentralt i forfattarskapen står også novellesamlinga Næturheimsókn (Nattlig besøk, 1962) og romanen Skilaboð til Sandra (Beskjed til Sandra, 1981), som vart filmatisert i 1983.
Eit par av teaterstykka hans har vore oppførde i Noreg.
Han var bror av Svava Jakobsdóttir.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.