Svava Jakobsdóttir

Faktaboks

Svava Jakobsdóttir
født:
4. oktober 1930, Neskaupstaður
død:
21. februar 2004, Reykjavík

Svava Jakobsdóttir var ein islandsk forfattar. Ho var syster av Jökull Jakobsson.

Svava debuterte i 1965 med novellesamlinga 12 konur (12 kvinner). Leigandinn (1969, omsett til norsk som Leigebuaren, 1976) er ein av dei viktigaste romanane i moderne islandsk litteratur. Han kan lesast som ein allegori om undertrykking av kvinner og av små nasjonar. Boka har fått stor betydning for seinare islandsk prosakunst.

Blant dei viktigaste bøkene hennar frå dei seinare åra er romanen Gunnlaðar saga (1986, omsett til norsk som Fortellingen om Gunnlod, 1990), der ho blandar samtidsskildring med ei mytisk fortid. I 1989 kom den fine novellesamlinga Undir eldfjalli (Under ein vulkan).

Stilen hjå Svava Jakobsdóttir var ofte prega av kvardagsrealisme som blir sprengd av ei overskridande fabuleringskraft, der uttrykket kan minne om surrealisme.

Kvinnesak, krigstrussel og sosial undertrykking er tema som ho ofte skreiv om, også i skodespela sine. Som dramatikar blir ho rekna blant Islands fremste, med skodespel som til dømes Lokaæfing (Generalprøve, 1983).

Svava Jakobsdóttir representerte Venstresosialistane på Alltinget i 1971–1979.

Romanar i norsk omsetjing

  • Leigebuaren. Omsett til norsk av Ivar Eskeland. (Nordisk bibliotek, 3.) Oslo: Noregs Boklag, 1976.
  • Fortellingen om Gunnlod. Omsett av Jon Gunnar Jørgensen. Oslo: Cappelen, 1990.

Noveller i norsk omsetjing

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Lunden, Eldrid 1982. Angsten for mannen i gata, i Essays. Oslo: Samlaget. 122–34.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg