Hierṓnymos frå Rhodos var ein filosof og litteraturhistorikar som budde i Athen frå omkring 290 til omkring 230 fvt. Ein reknar han som representant for peripatetikarane, altså filosofar som var utdanna hjå Aristoteles og etterkomarane hans. Han gjekk i lære hos Lýkōn, som hadde ansvar for den peripatetiske skulen i 44 år, men forlot denne skulen og grunnla si eiga lære, som meinte at ein burde vie livet sitt til å bli fri frå smerte og liding.

Som litteraturhistorikar gjekk han djupt til verks medan han verka blant peripatetikarane, og ein kjenner til verket Perì poiētôn (omtrent Om forfattarane), der han samla mange nyttige detaljar, men òg la fram nokre feilaktige påstandar, som at Sokrates skulle ha vore bigamist.

I Cicero sitt filosofiske verk Om det høgste gode og onde lot han Hierṓnymos, lagt fram av Pīsō, representere den eine av dei tre vegane for å oppnå det høgste av godleik. Dei to andre Pīsō innleiar framlegget i bok fem med, er Arístippos frå Kyrene, som han sa fremja nyting; og Karneádēs frå Kyrene, som Pīsō meinte stod for det å leve i tråd med det som er naturleg.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg