Guðmundur Guðmundsson

Faktaboks

Guðmundur Guðmundsson
uttale:
gvˈu-
født:
5. september 1874, Hrólfsstaðahellir i Rangárvallasýsla
død:
19. mars 1919, Reykjavík

Guðmundur Guðmundsson var ein islandsk diktar. Guðmundur hadde tilnamnet skólaskáld (skoleskalden) fordi han vart kjent som diktar allereie medan han gjekk på skulen.

Guðmundur Guðmundsson var ein sentral representant for nyromantikkenIsland, ein formvirtuos med musikalsk og emosjonell stil, som stundom kan minne om Obstfelder.

Han er representert med omdikting til norsk ved Ivar Orgland i antologien Islandske dikt frå vårt hundreår (1975).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Orgland, Ivar (oms.) 1975. Islandske dikt frå vårt hundreår. Oslo: Fonna.
  • Páll Eggert Ólason 1948–52. Íslenzkar ævisskrár frá landnámstímum til ársloka 1940, I–V. Reykjavík: Hið íslenzka bókmenntafélag. II,151.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg