Faktaboks

Fernando Lugo
Fernando Armindo Lugo Méndez
Fødd
30. mai 1951, San Pedro del Paraná, Paraguay
.
Lisens: fri

Fernando Lugo er ein tidlegare katolsk biskop som var president i Paraguay frå 2008 til 2012.

Lugo vann presidentvalet 20. april 2008 som kandidat for sentrum-venstresida Alianza Patriótica para el Cambio (APC), og blei sverga inn som president 18. august same år. Lugo sine viktigaste løfter under valkampen var kampen mot fattigdom og korrupsjon, i tillegg til å arbeide for ein omfattande landreform og urfolk sine rettar.

I regjeringsperioden sin møtte Lugo store utfordringar i å innfri valløfta sine. Regjeringa hans hadde ikkje fleirtal i kongressen. Sentrum-venstresida hadde berre 2 av 45 representantar i senatet. Dette avgrensa presidenten si handlekraft. Rykter om indre splid i sentrum-venstre-alliansen skapte også politisk ustabilitet i perioden.

Endringar Lugo fekk gjennomslag for var etableringa av eit råd for landbruksreformar, nedbremsing av privatisering av land, og iverksetting av tiltak for offentleg helse. Han innførte omfattande endringar i miljø- og urfolkspolitikk, og reforhandla også energiavtalen mellom Brasil og Paraguay vedrørande vannkraftverket ITAIPÚ, som blei underteikna i 2009.

Samtidig tok Lugo si regjering opp kampen mot den utstrakte korrupsjonen i den paraguayanske administrasjonen. Fleire korrupsjonssaker blei avdekket under presidenttida hans. Lugo blei på same tid også sjølv anklaga for korrupsjon, på bakgrunn av å ha distribuert sentrale stillingar til vener og familiemedlemmar.

Den 22. juni 2012 blei Lugo avsett som president, etter først å ha blitt stilt for riksrett. Nasjonalforsamlinga si avgjersle om å avsette Lugo har i etterkant vore svært omstridt internasjonalt. Avsettinga blei motteke med kraftig kritikk i resten av Latin-Amerika – kor fleire land nekta å anerkjenne landets nye president Federico Franco (Lugo sin tidlegare visepresident). Reaksjonane kom som følge av gangen i avsettingsprosessen, som mange meiner gjekk altfor raskt og utan at presidenten fekk moglegheit til å forberede sitt eige forsvar. Lugo sjølv hevda at han blei tvunge til å gå av gjennom det han kalte eit parlamentarisk kupp framstilt som ein lovleg prosess.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg