Faktaboks

Else Michelet
Fødd
26. februar 1942, Trondheim
Død
3. mai 2021
Verke
Kringkastingsmedarbeidar, forfattar og kabaretartist
Familie

Foreldre: Lektor Frans Oscar Michelet (1906–84) og husmor Synnøve Kulseng (1905–81).

Gift 1977 med advokat Ingjald Ørbeck Sørheim (28.7.1937–), ekteskapet oppløyst 1979.

Else Michelet, 2013
Av /NTB.

Else Michelet var ein norsk kringkastingsmedarbeidar og forfattar, som arbeidde med underhaldnings- og satireprogram i NRK radio frå slutten av 1960-åra. Ho er best kjent for det satiriske radioprogrammet Hallo i uken, der ho var produsent frå 1993 til 2009.

Michelet var kjent for si skarpe og kjappe tunge. Ho hadde eit uvanleg talent for språkleg nyskaping. Ved sida av arbeidet i NRK har ho også gjeve ut fleire bøker i ulike sjangrar og spelt sjølvskrivne kabaretar, dels på oppdrag frå institusjonar og organisasjonar.

Bakgrunn

Familien flytta frå Trondheim til Bærum 1947. Michelet er cand.mag. frå Universitetet i Oslo, med faga engelsk, fransk og litteratur.

NRK

Ho kom til Underhaldningsavdelinga i NRK 1967 og var lenge eit «nattmenneske» på radioen i program som «Natt-ta-ta», «Nattmat» og «Nattergalen», der ho gjekk inn i den improviserte dialogforma saman med mellom andre Totto Osvold og Lars-Helge Myklebust. Ho har også vore innom program som «Nitimen» og «Reiseradioen» og laga eigne satireseriar som «Dus med Dem» og «Med Rot i Virkeligheten».

Hallo i uken

1989 starta Underhaldningsavdelinga programmet «Hallo i uken» med aktuell politisk satire, eit program som omtala seg sjølv som «Kulturkanalens nest morsomste program»,

Frå 1990 til 2009 var Else Michelet fast tilknytt Hallo i uken, frå 1993 som produsent. Produsent vil i dette tilfellet seie at ho samarbeidde med tekstskrivarane, var instruktør og hadde det redaksjonelle ansvaret for programmet, som frå 1993 var underlagt Dramaavdelinga i NRK.

Michelet bidro sterkt til å utvikle programmet til ein profesjonell radiosatire og ein hjørnestein i NRK P2s programprofil. Det var ein ukentlig politisk revy, der Michelet samarbeidet med blant andre Are Kalvø og Espen Beranek Holm. Der imponerte Michelet lyttarane med parodiar, vitser, songer og ordkunst, og serverte humor som gav rom for både latter og ettertanke.

Else Michelets satire siktar seg reint allment inn mot dumskap og tåketale i ymse maktsfærar. Når temaet er kvinnesak eller kyrkje/kristendom, blir tonen ekstra skarp, og i bøkene hennar får mannssjåvinisme og religiøs puritanisme gjennomgå. Her forlet ho av og til satiren og tyr til stilgrep som indignasjon og patos. Michelet er ein dyktig språktjuv som hentar ord, formuleringar, mønster og inspirasjon frå eventyr, mytologi og moderne svisker.

Ein annan micheletsk spesialitet er å vri og vrenge på klisjear og faste vendingar: «Eplet stammer ikke langt fra moren», «Bevare din motgift og din medgift til dommeren skiller dere ad» og «Hvem er det som tramper på min tro», er typiske formuleringar. Kollegaer i NRK har karakterisert henne som ein temperamentsfull og modig arbeidsmaur, med eit tvers gjennom seriøst forhold til tull. Oskeladdar av alle kjønn har vanskar med å målbinde Else Michelet.

De siste yrkesaktive årene jobbet hun mest i kanalen P1+.

Forfattarskap

Michelet ga ut fleire bøker, mellom anna Sin egen herre: Eventyr og annet ugress (1979), En annen historie (1981) og Ariadnes tråd: Et reiseliv (1988). Eit utdrag frå romanen Ariadnes tråd kan gje eit inntrykk av stilen. Her har romanpersonen Anne ordet: «Dionysos […] er fruktbarhet og ekstase: seksualitet som skaper nytt liv. […] Ariadne er også fruktbarhet og ekstase, i tillegg er hun den som styrer liv og død, som tar liv og gir, skjenker vår og høst, fryd og sorg, ømhet og raseri, kaos og visshet. Og dette har vi utdefinert. Redusert til gærne hekser som spiser frosk og knuller med låghalte djevler […] Stengt Dionysos inne i et drukken-skap mens steinkalde guder herjer edruelig på utsiden, eller er det u-druelig? Og hva gir de oss isteden? Svart hav, sensitivitetskurs, og brutto nasjonalprodukt.» Grunntonen i Michelets forfattarskap kan samanfattast som kulturradikal feminisme.

Utmerkingar

  • Årets fagpris under Komiprisen i 2007
  • Tildelt Fritt Ords honnør i 2009.

Les meir i Store norske leksikon

Utgivingar

  • Sin egen herre. Eventyr og annet ugress, 1979
  • En annen historie, 1981
  • Ariadnes tråd. Et reiseliv, 1988
  • Og det som verre var. Eventyr på avveie, 2000

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg