Ciudad del Este

Paraguayelva med Ciudad del Este i bakgrunnen.
Handlegate i Ciudad del Este
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Ciudad del Este er den nest største byen i Paraguay med om lag 312 000 innbyggarar (2014), og er hovudstad for regionen Alto Paraná. Byen ligg heilt aust i landet ved Paranáelva, på grensa til Argentina og Brasil (kalla Trippelgrensa). Saman med byen Minga Guacú og distrikta Hernandarias og Presidente Franco utgjer Ciudad del Este eit større handelssentrum kalla Gran Ciudad del Este.

Byen blei grunnlagd i 1957 i samband med utbygginga av Itaipú-demninga, og fekk namnet Puerto Flor de Lis. Seinare blei namnet skifta til Puerto Presidente Stroessner etter diktatoren i landet, men namnet blei igjen endra i 1989 då diktatoren blei avsett.

Ciudad del Este er kjend for å vere ein by der det føregår ei storstilt smuglarverksemd over grensene, og for sal av illegale varer. Her er også mykje turisme, mellom anna på grunn av nærleiken til fossefalla Iguazú.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg