Banelementer
Illustrasjon av baneelementene som beskriver formen til en planetbane. Planeten følger en elliptisk bane rundt Solen (S).
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Banaplana til Iridium NEXT
Figuren viser dei seks baneplana til Iridium. Vi ser vinkelrett inn i eitt, og visest delar av dei fem andre.
Av .

Baneplan er det planet som er definert av banen til til dømes ein satellitt i bane rundt Jorda. Ved hjelp av dei to baneelementa inklinasjon (i) og lengde for oppstigande knute (Ω) kan ein referere baneplanet til eit referanseplan. For ein satellitt i bane rundt jorda er ekvatorplanet referanseplanet. Så definerer inklinasjonen, i, vinkelen baneplanet skrår på ekvatorplanet, og Ω definerer lengdegrada der satellitten kryssar ekvatorplanet på veg oppover (mot nord).

I ein satellittkonstellasjon har ein gjerne fleire satellittar i eit eller fleire baneplan for å oppnå den dekninga ein treng for å levere tenesta til konstellasjonen. Til dømes har Iridium elleve satellittar fordelt på seks baneplan. Då er baneplana, eller rettare baneelementet Ω, gjamnt spreidd utover, slik at det er 60 grader mellom kvart baneplan.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg