Faktaboks

Alice Miller

Født: Alicija Englard.

Uttale
mˈiller
Fødd
12. januar 1923, Piotrków Trybunalski, Polen
Død
14. april 2010, Saint-Rémy-de-Provence. Frankrike
Alice Miller
Alice Miller
Av /𝒲.

Alice Miller var ein sveitsisk psykoanalytikar, fødd i Polen, utdanna ved Universitetet i Zürich, der ho tok ei doktorgrad i 1953.

Ho fokuserte på opplevingane til barnet i ei verd der ho hevda at det å pryle, plage, nedverdige og audmjuke barn har vore sett på som oppseding til barnets beste heilt opp til våre dagar. Ho formulerte i bøkene sine og på nettsida si hypotesen om at barn ofte blir brukte og blir misbrukte for dei vaksnes behov, også dei seksuelle, og at seinare psykiske og fysiske forstyrringar har samanheng med dette.

Bøkene hennar er gitt ut i store opplag i ei rekkje land. I desse har ho blant anna tattt eit kraftig oppgjer med dogma til psykoanalysen.

Bøker som er omsett til norsk

  • Barneskjebner (1980, 1987)
  • I begynnelsen var oppdragelsen (1986)
  • Du skal ikke merke (1988)
  • Den ubrukte nøkkelen (1991)
  • Den forbudte viten (1992)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg