Faktaboks

Alfred Lehmann
Fødd
29. desember 1858, København, Danmark
Død
26. september 1921, København, Danmark

Alfred Lehmann var ein dansk psykolog. Han var opphavleg utdanna ingeniør og studerte i Leipzig hos Willhelm Wundt. Ved heimkomsten oppretta han eit psykologisk laboratorium i København i 1886, eit av dei første utanfor Tyskland. Frå 1890 var han dosent i eksperimentalpsykologi ved universitetet i København og blei i 1910 utnemnt til ekstraordinær professor.

Lehmann var den første nordiske psykologen som ønskte å gjere psykologien til ein eksperimentell vitskap på naturvitskapleg grunnlag. Han er framfor alt kjent for undersøkingane sine av samanhengen mellom kjenslelivet og dei følgjande fysiologiske prosessane. Hit høyrer Hovedlovene for det menneskelege kjenslelivet (1892) og hovudverket Die körperlichen Äusserungen psychischer Zustände (3 bind, 1899–1906). Meir kjent er dei store verka hans Overtro og trolddom (2 bind, 1893–1896 og seinare utgåver), der han avviser alle overnaturlege forklaringar på okkulte fenomen.

I dei seinare bøkene sine gav Lehmann bidrag til pedagogikk og arbeidslivspsykologi (psykoteknikk).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg