Adjágas

Adjágas på Riddu Riđđu-festivalen, 2009.
Av .
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Adjágas var ei samisk musikkgruppe. Gruppa greidde å tilføre joik og samisk musikk ein ny dimensjon. Adjágas tyder den tilstanden du er i mellom det å vere vaken og svevnig.

Adjágas blei starta opp i 2004 og oppløyst i 2014.

Medlemene

Adjágas blei starta av dei to joikarane Sara Marielle Gaup frå Kautokeino og Lawra Somby, som har vakse opp i Oslo med både nordsamisk og sørsamisk bakgrunn. Begge har fedrar som er profilerte joikarar i den nordsamiske tradisjonen. Mykje av suksessen til Adjágas må tilskrivast dei to joikarane si evne til formidling og låtskriving.

Sidan oppstarten i 2004 og fram til gruppa blei oppløyst blei alle medlemene skifta ut, med unntak av dei to joikarane. Den første plata, Adjágas, kom i 2005. I 2012 talde gruppa seks medlemer. I tillegg til dei to frontfigurane, som stod for all musikk og tekst, hadde gruppa desse medlemene: Åsmund Wilter Eriksson (bass), Espen Elverum Jakobsen (gitar), Petter Marius Gundersen (trompet, diverse blåseinstrument og banjo) og Aleksander Kostopoulos (perkusjon og trommer).

Musikken

Gruppa brukte ukonvensjonelle instrument i kombinasjon med fengjande nyskriven samisk musikk med eit til dels moderne preg – ein kombinasjon som har hatt stor gjennomslagskraft.

Musikken til Adjágas er dvelande og universell i ein forstand, samtidig som ein aldri er i tvil om den samiske profilen. Det samiske språket er ein viktig faktor, og den tradisjonelle joiken ligg i botnen. I musikken kjem likevel element frå pop, rock og «ambient music» tydeleg fram. Gruppa føyer seg slik sett inn i ein etter kvart lang samisk tradisjon som tek i bruk moderne verkemiddel for å nå ut med musikken.

Adjágas oppnådde stor popularitet i inn- og utland på stutt tid. Dei har hatt fleire prestisjetunge oppdrag, til dømes spela dei under OL i Vancouver i 2010.

Det andre albumet, Mánu Rávdnij, som tyder «månestraum», kom i 2009 og fekk strålande kritikkar. Ord som musikkmagi, mystikk og poesi er blitt brukt om denne plata. Då plateåret 2009 skulle oppsummerast, hamna denne plata mellom dei ti fremste blant fleire kritikarar.

I 2012 vann Adjágas prisen for beste samtidsmusikk i Sápmi/Sameland under Sápmi Awards.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg