Øytrost
Av /via Encyclopedia of Life.

Øytrost er ein stor sporvefugl i trostefamilien og har naturleg utbreiing i Asia og Oseania.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Turdus poliocephalus
Beskriven av
Latham, 1801

Som vaksen er fuglen ca. 23 cm lang, hannfuglar veg rundt 65 gram og hofuglane rundt 85 gram.

Arten er knytt til tropisk fjellskog, tørr og fuktig tropisk skog, høgtliggjande tropisk buskmark, høgtliggjande tropisk grasmark, og fjellsider og knausar. Øytrost lever i hovudsak av virvellause dyr (invertebratar), frukt og frø som han finn på bakken, i skogen og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

øytrost
Turdus poliocephalus
Artsdatabanken-ID
184183

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg