Østen

Artikkelstart

Østen er eit mannsnamn. Det er ein variant av Øystein som går tilbake til det norrøne Ey-steinn. I dette toledda namnet tyder forleddet kanskje ‘lykke’. Etterleddet tyder ‘stein’.

Varianten Østen er litt brukt på Austlandet. Østen er vanleg i svensk – jamfør at diftongane [øy] og [ei] i norsk svarer til [ø) og [e] i svensk.

Namnet har fleire variantar: Øysten, Øisten, Eistein, Østen, Eystein, Øystein, Øistein.

Kjende personar med namnet Østen

Eksempel på ein person med namnet Østen som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 110 menn (fødde i Noreg) som hadde Østen som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg