Faktaboks

Kilauea
Uttale
kilauˈea
Lava renn ned i havet ved Kīlaueas austre riftsone, 2017.
.

Kilauea er ein aktiv vulkanstillehavsøya Hawaii i USA, med ein topp på 1250 meter over havet.

Kīlauea er ein skjoldvulkan på sørsida av øya med stort krater. Vulkanen vart danna for 300 000–600 000 år sidan og har to riftsoner. Ein del av krateret Halemaumau var inntil nyleg fylt av ein flytande lavasjø som målte 300–400 meter i tverrsnitt.

Utbrot

Vulkanen har hatt eit meir eller mindre samanhengande utbrot sidan 1983. Utbrota er rolege og ikkje følgde av stein- og oskeregn, så ein har utan fare kunna gå like til kraterranda. Likevel har vulkanen forårsaka store materielle skadar. Byen Kalapana vart fullstendig øydelagd i 1990. I mai 2018 vart 2000 menneske evakuerte etter eksplosjonar, jordskjelv, store oskeskyer og giftig gass, etterfølgd av lavastraumar. Lavaen nådde heilt fram til kysten og øydela hus og eigedommar over store område.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg