Frå illustrert utgåve for barn i 1883
Gulliver's Travels
Kongen av Brobdingnag blir i denne illustrasjonen frå 1803 framstilt som den engelske kongen George III, og den vesle Gulliver-figuren er Napoleon.

Gullivers reiser er ein roman av den irske forfattaren Jonathan Swift. Romanen blei skriven i åra 1720–1725 og trykt i 1726, og består av meldingar om ekspedisjonar til ulike fantasiland. Dei to første forteljingane blir gjerne presenterte i vår tid som eventyr for barn. I verkelegheita er det heile ein beisk satire over menneskeleg dumskap.

Faktaboks

Også kjend som
eng. Gulliver's Travels
Forfattar
1214

Innhald og handling

Det er skipslegen Lemuel Gulliver som fortel om dei merkelege opplevingane sine. På den første reisa verkar han som ei kjempe for dei bitte små menneska i Lilliput. På den neste er det hans tur til å vere liten hos kjempene i Brobdingnag. Swift brukte fantasi-universet til å latterleggjere dei politiske og religiøse konfliktane i England i samtida.

Den tredje reisa, til matematikarbyen på den svevande øya Laputa, er ein harselas over hangen dåtida hadde til pseudovitskap og prosjektmakeri.

Den siste reisa går til landet til dei tenkjande hestane, der alt er bestemt av fornufta, men der det også bur nokre avskyelege, menneskeliknande vesen, kalla yahooar. Denne delen gir sterkt uttrykk for den misantropiske innstillinga til forfattaren.

Utgivingar og adaptasjonar

Romanen har blitt omsett til norsk fleire gonger sidan 1919, men ofte berre dei to første delane. I 1973 kom Carl Fredrik Engelstads fullstendige omsetjing.

Der er mange filmadaptasjonar og animerte versjonar av romanen, til dømes ein kinofilm frå 2010 regissert av Rob Letterman og med Jack Black som ein moderne Gulliver.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg