Eit vitnebrev er eit dokument, eit diplom, som stadfester at noko allereie har skjedd, til dømes ei stadfesting av at nokon har motteke betaling for noko. Det er mottakaren (av til dømes betalinga) som utferdar vitnebrevet.

I Noreg er vitnebrev den vanlegaste typen av gamalnorske og mellomnorske privatdokument, særleg som heimelsbrev.

Vitnebrevet er det diplomatariske motstykket til dispositive (deklaratoriske) dokument, som i staden for å prove at noko har skjedd, kunngjer at noko skal skje (i kraft av dokumentet).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg