Vestnikator
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Vestnikator er ein stor sporvefugl i nikatorfamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Nicator chloris
Beskriven av
(Valenciennes, 1826)

Vaksne hannar veg rundt 49 gram og hofuglane rundt 42 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, plantasjar, tropisk sumpskog, tropisk fjellskog og tørr tropisk buskmark. Vestnikator er ein jegar som lever av virvellause dyr (invertebratar) og vekselvarme virveldyr som han fangar i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg som blir ruga ut i løpet av ca. 13 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

vestnikator
Nicator chloris
Artsdatabanken-ID
182085

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg