Turkanatoko
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Turkanatoko er ein fugleart i hornfuglfamilien og har naturleg utbreiing i Aust-Afrika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Tockus jacksoni
Beskriven av
(Ogilvie-Grant, 1891)

Vaksne hannar veg rundt 190 gram og hofuglane rundt 140 gram.

Arten er knytt til tørr savanne, tørr tropisk buskmark og tørr tropisk skog. Turkanatoko er ein jegar som lever av mange ulike byttedyr, mellom anna virvellause dyr (invertebratar), små varmblodige dyr og vekselvarme virveldyr som han fangar på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 25 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag sju veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

turkanatoko
Tockus jacksoni
Artsdatabanken-ID
177664

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg