Tupinambatukan
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Tupinambatukan er ein stor spettefugl i tukanfamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika og Karibia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ramphastos vitellinus
Beskriven av
ariel Vigors, 1826

Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang og veg rundt 360 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tropisk sumpskog, tropisk fjellskog og tørr savanne. Tupinambatukan lever av frukt og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i buskar og i tre.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 16 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag sju veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

tupinambatukan
Ramphastos vitellinus
Artsdatabanken-ID
178160

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg