Trefargeamadin
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Trefargeamadin er ein middels stor sporvefugl i astrildfamilien og har naturleg utbreiing i Oseania og Søraust-Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Erythrura trichroa
Beskriven av
(Kittlitz, 1833)

Som vaksen veg fuglen rundt 14 gram.

Arten er knytt til jordbruksland, tørr og fuktig tropisk skog, mangroveskog, fuktig tropisk buskmark og tørr tropisk grasmark. Trefargeamadin lever av frø og virvellause dyr (invertebratar) som han finn på bakken og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 13 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

trefargeamadin
Erythrura trichroa
Artsdatabanken-ID
186302

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg