Toflikkasuar er ein fugl i kasuarfamilien og ein av dei største fugleartane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Oseania og Søraust-Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Casuarius casuarius

Vaksne hannar veg rundt 32 kilo og hofuglane rundt 46 kilo.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, mangroveskog, tropisk sumpskog og tørr savanne. Toflikkasuar lever av frukt som han finn på bakken.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt seks egg som blir ruga ut i løpet av ca. 50 dagar. Fuglene blir kjønnsmodne etter fire til fem år.

Toflikkasuar lever vanlegvis i rundt tolv år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

toflikkasuar
Casuarius casuarius
Artsdatabanken-ID
174174

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg