Tigerand
Av /Novitates Zoologicae, vol. 2.

Tigerand er ein liten andefugl i andefamilien og har naturleg utbreiing i Søraust-Asia og Melanesia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Salvadorina waigiuensis
Beskriven av
Rothschild & Hartert, 1894

Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 390 gram og hofuglane rundt 470 gram.

Arten er knytt til elvar og bekker, og innsjøar med ferskvatn. Tigerand lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar under vatn og i vassoverflata.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

tigerand
Salvadorina waigiuensis
Artsdatabanken-ID
174257

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg