Tidleg intervensjon inneber å identifisere og sette inn tiltak i forhold til eit problem på eit tidlegast mogleg tidspunkt. Målet er å handle tidleg for å minske skade eller uheldig utvikling.

To ulike forståingar

Omgrepet tidlig intervensjon vert nytta i ulike og dels overlappande tydingar. I barnehage og skule vert det særleg nytta i to ulike samanhengar.

Den eine tydinga er å sette inn tiltak så tidleg som mogleg ved vanskar som oppstår hos ein elev eller i ei klasse. Den tidlegaste intervensjonen er førebygging, som inneber å etablere mekanismar som vernar mot det ein vil unngå. I samband med læringsmiljø kan det vere å utvikle gode læringsmiljø gjennom tydelege, trygge vaksne som etablerer gode relasjonar til elevane. Samtidig utviklar dei vaksne klare strukturar og rutinar for fagleg arbeid og korleis ein omgår kvarandre. Det er vaksne som har god kunnskap om korleis ein kan støtte elevane fagleg og sosialt og utvikle miljø der elevane kan føle seg trygge. Dette er viktige aspekt ved god klasseleiing som er sentralt i utvikling av gode læringsmiljø.

Førebygging er ikkje alltid tilstrekkeleg. Då vil tidleg intervensjon innebere kompetanse i å identifisere det som truar læringsmiljøet for ein, nokon eller ei heil gruppe, i tillegg til å sette inn tiltak for å motverke uheldig utvikling. Døme kan vere å gripe inn så tidleg som mogleg ved skulevegring eller skulk som kan oppstå hos elevar i alle klassetrinn, men kanskje særleg på ungdomstrinnet. Eit anna døme kan vere å sette inn tiltak tidleg i ei klasse der det er vanskar i relasjonane mellom elevane eller mellom læraren og elevar.

Den andre tydinga av tidleg intervensjon er å setje inn tiltak overfor identifiserte vanskar eit barn har i så tidleg alder som mogleg for å unngå at vanskane utviklar seg og vert vanskelegare å handsame. Døme kan vere å sette inn tiltak i høve til barn som i barnehagealder viser aggressiv åtferd før åtferda får utvikle seg til meir alvorlege problem som er vanskelegare å endre.

Knytt til inkludering

Målet om ein inkluderande barnehage- og skule er ein grunnleggande tanke bak tidleg intervensjon. For den einskilde barnehage og skule inneber inkludering at ein aktivt tar omsyn til at barn og unge har ulike føresetnadar og evner. Opplæringslova krev likeverdig og tilpassa opplæring for alle barn og unge, noko som krev gode læringsmiljø der barna og elevane opplever både sosial og fagleg støtte og fellesskap. Tidleg intervensjon ved behov er sentralt for å oppnå dette.

Litteratur

  • Midthassel, U. Bru, E., Ertesvåg S.K. og Roland, E. (red.)(2011) Tidlig intervensjon og systemrettet arbeid for et godt læringsmiljø. Oslo: Universitetsforlaget.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg