Artikkelstart
Skulevegring er ei vegring for å gå på skulen som førar til fråvær. Elevar med skulevegring ynskjer å gå på skulen, men klarer det ikkje. Dei har vonde kjensler, har angst for å vere på skulen, eller for å forlate heimen. Dei kjenner seg ofte uvel, kan ha vondt i magen eller hovudet. Dei er stille, gjer lite av seg når dei er på skulen og vert ofte oversett.
Elevar med skulevegring vert borte frå skulen over lengre tid utan at det er sjukdom eller skade. Skulefråværet kan variere frå enkelte timar til lange periodar.
Årsakene til at eleven ikkje møter på skulen kan vere mange og vise seg på ulike måtar. Felles er at det å vere borte frå skulen over lengre tid utan loveleg grunn er eit alvorleg teikn på at eleven mistrives og ein må finne ut av situasjonen så raskt som mogleg.
Sjølv om det ikkje er klare definisjonar av vegring gir desse punkta ein indikasjon på når ein reknar fråvær som skulevegring:
- eleven er borte meir enn 25% av skuletida dei to siste vekene
- eleven opplever store vanskar med å møte til timane i minst to veker eller
- eleven har meir enn ti dagar fråvær i ei kva som helst periode på 15 veker i eit skuleår (Kearney 2008).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.