Å skulke kan skildrast som å protestere mot skulen som autoritet og som eit val om å ikkje vere på skulen. Ved skulk er fråværet karakterisert av lite motivasjon for skulen og skulearbeidet eller ei negativ haldning til skulen.

Det kan òg vere ein tendens til å søke aktivitetar som vert opplevd som meir interessante utanfor skulen i skuletida. Sjølv om ein kan sjå ulike grunnar til at elevar vel å ikkje vere på skulen, er skulk eit aktivt val om å ikkje møte. Ein ynskjer ikkje å vere på skulen.

Skulk vert ofte sidestilt med, eller omtalt som, skulevegring, noko som er uheldig ettersom dette er to ulike problem som treng ulike tiltak.

Der skulk er eit val om å ikkje møte på skulen, gjerne knytt til låg motivasjon for skulearbeidet, har elevar med skulevegring eit sterkt ynskje om å møte på skulen. For elevar som vegrar er det derimot så sterke negative emosjonar knytt til det å møte på skulen at ein ikkje klarer å møte opp. Skulk og vegring i sine klare definisjonar kan ein sjå som ytterpunkt på ei line der ein del elevar viser både skulkeåtferd og vegring og såleis er det ikkje heilt klare skilje for alle elevar.

Ytterlegare komplisert vert årsaksbiletet når fråvær med grunn i diffuse helseplager som hovudverk eller magevondt kan skjule både vegring og skulk. Hovudverk og magevondt vert vurdert som legitime årsaker til fråvær frå skulen, men den eigentlege årsaka til fråvær kan vere at eleven ikkje vil, eller klarer, å møte på skulen.

Den viktigaste årsaka til å skilje mellom skulk og vegring er at dei to problema kan ha ulike risikofaktorar og behov for ulike tiltak. Elevar med skulk har høgre tendens til depressive symptom, men ikkje for angst som er vanleg hos elevar med vegring. Likeins er fråværet til elevar som skulkar skulen mest sannsynleg ikkje knytt til sterkt negative emosjonar eller reaksjonar knytt til faktorar i skulen som utløyser stress slik det er vanleg for elevar som vegrar.

Skulk kan starte på barnetrinnet, men førekomsten aukar mellom 13 og 17 år. I Noreg er skulk mest vanleg på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule. Sjølv om skulk kan synes å vere eit lite problem i form av prosentar inneber førekomsten at i ei klasse på 25 elevar vil ein elev vere borte meir enn 10 dagar på grunn av skulk i løpet av ei tre månadsperiode.

Konsekvensane av å skulke er derimot så store både fagleg og sosialt at det inneber eit betydeleg problem for elevane det gjeld og det kan óg utgjere eit betydeleg samfunnsproblem.

Gutar synes å vere overrepresentert ved skulk i barneskulen. Skulk mellom jenter synes å vere meir vanleg på ungdomsskulen, og i liten grad på barnetrinnet. Det er likevel variasjon mellom ulike studiar og enkelte finn ingen kjønnsskilnadar med omsyn til skulk.

Elevar som skulkar har ofte dårleg faglege progresjon og har ofte faglege vanskar. Samstundes rapporterer elevar med spesial pedagogiske tiltak ein tendens til å rapportere meir skulk enn elevar med høgt fråvær utan slike tiltak. Ei mogleg årsak er at kjensla av å ikkje lykkast på skulen kan leie til skulk for å unngå kjensla av å mislykkast.

  • Havik, T., Bru, E., & Ertesvåg, S.K. (2013). Parental perspectives of the role of school factors in school refusal. Emotional and Behavioural Difficulties. DOI: 10.1080/13632752.2013.816199

  • Havik, T., Bru, E. & Ertesvåg. S.K. (i trykk) Assessing reasons for school non-attendance. Akseptert for publisering i Scandinavian Journal of Educational Research.

 

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.