Storbekard er ein stor sporvefugl i tityrafamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Pachyramphus validus
- Beskriven av
- (Lichtenstein, MHK, 1823)
Som vaksen veg fuglen rundt 44 gram.
Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, og tropisk fjellskog. Storbekard lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen og i buskar.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg. Reira blir bygd i hôlrom.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.