Stjernesmett
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Stjernesmett er ein liten sporvefugl i tapakulofamilien og har naturleg utbreiing i Argentina og Brasil.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Psilorhamphus guttatus
Beskriven av
(Ménétries, 1835)

Som vaksen veg fuglen rundt elleve gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, sterkt endra tropisk skog og fuktig tropisk buskmark. Stjernesmett lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen og i buskar.

Reira blir bygd i hôlrom.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

stjernesmett
Psilorhamphus guttatus
Artsdatabanken-ID
179454

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg